warning 16 2 Hei!  For å forbedre brukeropplevelsen på våre websider bruker vi cookies.

Vi tar gjerne en samtale med deg. Tlf 22 44 40 50

Dixi Test Web
Your Store Slogan Here

Dixi Ingid final.mov from davidvox on Vimeo.

Nokre går inn i eit forhold med ei vissheit om at kjærasten har vorte utsett for ei valdtekt, medan andre får vite om valdtekta etter at det har gått lang tid. Andre igjen opplever at kjærasten eller partnaren vert utsett for ei valdtekt medan dei er i eit forhold. Uansett om valdtekta skjedde før ein vart saman, eller om valdtekta skjer medan ein er i eit forhold, er dette noko som ikkje kun berører den som har vorte utsett. Ei valdtekt kan vere ei valdsam og i nokre tilfelle traumatiserande oppleving som ofte får store konsekvensar, ikkje berre for den utsette, men også for partneren.

Å leve med ein partner som har vore utsett for valdtekt

Dette er skrivi for deg som er partner med ein person som har opplevd valdtekt. Her kan du lese om vanlege reaksjonar hos partnerar, og om utfordringar mange par møter i forhold til parforhald og seksualliv etter ei valdtekt. Avslutningsvis vil det vere gode råd om kva som kan vere til hjelp. Sidan eit fleirtal av dei som blir utsett for ei valdtekt er jenter, skriv vi her ”ho” om offeret og ”han” om partneren. Dette temaet gjeld likevel i høgste grad for begge kjønn.

Reaksjonar og tankar

Ei valdtekt kan vere mange ulike type hendingar, og personar som har vore utsett for valdtekt reagerer på ulike måtar. Ulike menneske reagerer forskjellig på valdsame og sjokkerande opplevingar. Det finst ikkje eit reaksjonsmønster som er meir ”rett” enn andre, og partnerar reagerer forskjellig når dei får vite at kjærasten har vorte utsett for ei valdtekt. Likevel er det grunn til å tru at partneren ofte blir svært berørt av valdtekta, og at enkelte kan utvikle ein akutt stress forstyrrelse (ASD).

Tidlege og etterfølgjande reaksjonar

For mange er perioden når dei har fått vite at partneren har vore utsett for valdtekt den vanskelegaste. I denne perioden veit ein at det har skjedd utan at ein heilt veit kva. Mange beskriv denne perioden som ekstra vanskeleg og angstskapande. Ein vanleg reaksjon når ein får vite at partneren har vorte utsett for valdtekt er sjokk, og verst er det for dei som får vite om hendinga plutseleg og utan forvarsel rett etter at det har skjedd. Ofte kan partneren få reaksjonar som minner om reaksjonane hjå dei som har opplevd valdtekt, og vanlege reaksjonar er: tristheit og sorg, påtrengande tankar og erindringarsøvnforstyrringar, irritabilitet og sinneskuldskam og sjølvbebreiding.

Det finst ikkje eit reaksjonsmønster som er meir ”rett” enn andre, og partnerar reagerer forskjellig når dei får vite at kjærasten har vorte utsett for ei valdtekt.

— Ingrid Blessom

Mange opplever også store vanskar med konsentrasjonen, og det er ikkje uvanleg at valdtekta går ut over studiar og arbeid. For andre kan studering og arbeid kjennes godt sidan dei da kan fokusere på andre ting i nokre timar.

Skuld, sinne, makteslause og ”ulovlege tankar”.

Det er ikkje uvanleg ar partneren føler at dei har skuld i valdtekta – og mange tenkjer at dei kunne gjort noko for å forhindre at diet skjedde. I etterkant er det også mange som føler at dei ikkje har vore støttande nok, at dei kunne vore enda meir til stades og trøsta enda meir trass i at partneren har vore der så mykje som han har moglegheit for.

Partneren sitt sinne er ofte retta mot overgriparen – særleg dersom partneren veit kven overgriparen er, eller han er i same venekrinsen ser det ut til å vere særleg vanskeleg. Mange har eit sterkt behov for å hemne seg på overgriparen. Det er også vanleg at sinne er retta mot politi og rettsvesen, som dei kanskje føler ikkje har gjort ein god nok jobb eller behandla partneren på ein god måte, eller mot familie og vener som ikkje forstår og som ikkje stiller nok opp. Ofte ber også partneren på eit diffust sinne som er vanskeleg å plassere.

Nokre slit med å forstå kva som har skjedd, og lurar på om partneren snakkar sant. Særleg gjeld dette i tilfelle der jenta var påverka av alkohol, og hugsar lite eller ingenting i etterkant. Eller ved såkalla drug-rape, der nokon har putta noko i drinken eller på andre måtar dopa ned partneren slik at dei i etterkant ikkje hugsar kva som skjedde. Nokre kan tvile på om partneren faktisk har vorte utsett for ei valdtekt eller om ho frivillig har gått med på eit seksuelt forhold som ho seinare har angra på. I tilfelle der partneren har vore påverka av alkohol eller stoff kan det vere særleg vanskeleg for partneren å forstå. I desse tilfella kan tvil og sinne bli retta mot offeret. Partneren kan stille spørsmål til kvifor ho ikkje passa betre på. Dersom valdtekta skjer på fest eller i sosiale samanhengar kan partneren lure på kvifor ho tok i mot drinkar frå framande, kvifor ho vart så full, kvifor ho vart med opp i andre etasje og inn på soverommet, og kvifor ho ikkje sa skikkeleg frå og klarte å stoppe det.

 Valdtekt er ikkje berre ei valdsam og traumatisk oppleving for den som er utsett – det er også ei valdsam og mogleg traumatiserande oppleving for partneren. Fleire opplever det så vanskeleg at dei har bruk for profesjonell hjelp og støtte i etterkant av valdtekta. Dersom du som partner slit med reaksjonar og vanskelege tankar og vanskelege tankar etterkant av ei valdtekt kan det vere lurt å søke hjelp til dømes på DIXI ressurssenter for voldtatte.

 Parforhald og seksualliv

Etter ei valdtekt kan mange oppleve vanskar med nærheit og seksualitet. Trass i at voldtekt ikkje er sex har dei seksuelle grensene vorte krenka, noko som kan gjere at mange tykkjer det er vanskeleg å ha eit godt sexliv saman med partneren i etterkant. Også for partneren kan ei valdtekt gå utover seksuallivet og parforhaldet med jenta.

 Påtrengande tankar og fantasiar om det som skjedde

Ein del partnarar slit med tankar og fantasiar som kjennes påtrengande og vanskelege. Nokre ynskjer å høyre så detaljert som mogleg om valdtekta for å finne ut av om dei tankane og dei fantasiane dei sjølv har skapt er betre eller verre enn det som faktisk skjedde. Andre ynskjer ikkje å få detaljar om valdtekta sidan dei frykter at dette skal gje enda meir næring til indre bilete og ubehaglege fantasiar. Ofte er det slik at partneren på den eine sida ynskjer mest mogleg informasjon om hendinga, men samstundes vil mange oppleve det som vanskeleg å få vite i detaljar kva som har skjedd.

Seksuallivet etter valdtekta

Dei fleste par vil oppleve at valdtekta har konsekvensar for seksuallivet med partneren. I ei kortare eller lengre periode vil dei fleste par unngå å ha sex. For mange partnerar er det viktig å ikkje presse kjærasten til å ha sex før dei er klar for det, men ofte er det personen som har opplevd valdtekta som sjølv tek initiativet til å ha sex. For dei aller fleste vil det opplevast som ein lettelse når ho er klar til å ha sex, likevel kan nokre oppleve at dei ikkje har lyst til å ha sex med kjærasten etter at ho har vorte utsett for ei voldtekt.

Vonde minne kan feste seg i kroppen, og etterlate eit traume som kroppen hugsar.

— Ingrid Blessom

Vanskar med nærheit og seksualitet kan skuldast mange ting, men etter ei valdtekt og seksuelle overgrep er det svært vanleg å oppleve dette. Vonde minne kan feste seg i kroppen, og etterlate eit traume som kroppen hugsar. Dette gjer at bilete og minne kan dukke opp når ein forsøker å ha sex. Flashback, der ein i glimt får bilete på netthinna av kva som har skjedd er vanleg både hjå den som opplevde valdtekta og hjå partneren trass i at det har kanskje har gått fleire månader sidan valdtekta skjedde .

Ikkje alle som er i eit forhold har mykje sex, men for svært mange er ein viktig del av eit forhold intimitet og eit godt sexliv. Når den eine parten, eller begge partar slit med nærheit og seksualitet kan dette opplevast som vanskeleg. Partneren kan bli usikker på korleis han skal gå fram, og bli i tvil om kva han skal gjere. Personen som slit med nærheit og seksualitet kan på si side oppleve skuldkjensle overfor partneren fordi sexlivet ikkje fungerer så godt som det burde.

Etter ei valdtekt opplever mange at nærheita og intimiteten vert viktigare enn sjølve samleie. Det å halde rundt kjærasten , kysse ho, og kjenne seg nær kvarandre er med å bekrefte for partneren at dykk høyrer saman og at dykk saman skal klare å kome gjennom utfordringane. Trass i at jenta kanskje ikkje har lyst til å ha sex den fyrste tida har mange eit stort behov for nærheit og intimitet. Ofte har ho bruk for å bli bekrefta med kos og kjærteikn utan at det treng ende med samleie.

På den andre sida opplever mange par at dei kjem raskare i gang med seksuallivet enn forventa etter ei valdtekt – og dersom jenta kjenner seg klar er det ingenting i vegen for å ha sex relativt kort tid etter ei valdtekt. Det viktige er at paret har tillit til kvarandre og at den som har vorte utsett for valdtekta får bestemme når ho er klar for sex.

Manglande seksuell lyst

Dersom ho slit med manglande lyst eller har vanskar med nærheit og seksualitet etter valdtekta er det viktig å vere open og snakke saman om problemet -

— Ingrid Blessom

Mangel på seksuell lyst er noko mange jenter opplever etter ei valdtekt. Dersom ho slit med manglande lyst eller har vanskar med nærheit og seksualitet etter valdtekta er det viktig å vere open og snakke saman om problemet – dermed er det mykje lettare for deg som partner å forstå reaksjonane som kan kome i etterkant. Snakk saman og finn ut behov ho har og kva behov du som kjæreste og partner har. Ofte har ho eit behov for varsemd og kontroll i ei periode etter valdtekta, og kanskje har ho behov for å bestemme tempo og stilling slik at ho har kontroll over situasjonen i starten.

Det finst også teknikkar og metodar ein kan nytte seg av for å auke lysta. Ein måte er at ein inngår ei avtale om at ein ikkje skal ha samleie på til dømes 20 dagar. Det er lov å ligge nakne saman, kose og kjærteikne kvarandre, men det er ikkje lov å ha samleie. Manglande lyst er ei utfordring for parforhaldet, og ofte kan det vere lurt å søke profesjonell hjelp dersom ein av dykk slik med manglande seksuell lyst etter ei valdtekt.

Dersom jenta har fysiske plager og smerter i eller rundt vagina i etterkant av valdtekta er det svært viktig å søke hjelp. Vulvaklinikken ved rikshospitalet har lang erfaring med underlivsproblem i forbindelse med valdtekt.

Tanken på at ein annan mann har hatt sex med kjærasten er for mange partnarar vanskeleg og ubehagleg. Trass i at partneren av omsyn til jenta i høg grad freistar å skyve desse tankane bort er dei slett ikkje uvanlege. Likevel er det få som opplever dette så sterkt at dei mistar den seksuelle lysta på.

Eit auka behov for at partneren skal være der

Etter ei valdtekt opplever mange at grunnen vert reve bort under dei; den grunnleggande tryggheita dei tidlegare hadde i livet er borte, og dei slit med tillit til andre menneske. Personar som tidlegare ikkje har hatt problem med å vere åleine heime eller sove åleine kan bli redde for å vere åleine heime og klarar ikkje sovne dersom partneren ikkje er heime. Mange som har opplevd valdtekt opplever at ubehaglege tankar kjem om kvelden når dei skal sove og får eit behov for at partneren skal vere tilgjengeleg heile døgnet. Kravet om at kjærasten heile tida skal vere tilstades kan bli vanskeleg for partneren. Det kan kjennast som ei tvangstrøye, og kan gå ut over skule, arbeid og sosialt liv med vener. På den andre sidan kan jenta få dårleg samvittigheit og kjenne seg som ein byrde fordi ho har eit sterkt ynskje om at partneren skal vere der for ho. Ofte kjem tryggheita gradvis tilbake og etterkvar vert det enklare å vere åleine, men om dette ikkje skjer er det viktig å oppsøke hjelp for å få bearbeida trauma.

Mange som har opplevd valdtekt får eit stort behov for å prate med partneren om det som har skjedd, at han skal trøste, og at han skal forstå ”alt”. Samtaler, omsorg og trøst etter valdtekta er bra og kan føre partnarane tettare saman, likevel kan partneren kjenne seg makteslaus fordi han ikkje veit kva han skal stille opp med og kva som han skal seie. I så tilfelle er det viktig å tenke at oppgåva di som partner fyrst og fremst er å være kjæreste, og at det ofte er nok at du er der, du treng ikkje ha svar på alle spørsmål. Oftast kan det vere lurt å oppsøke ein profesjonell tredjepart som jenta, du eller begge to saman kan ha samtalar med. Dersom du som partner ikkje veit kva du skal seie eller stille opp med har også du moglegheit til å kontakte DIXI ressurssenter for voldtatte for å få råd og veiledning. Dykk kan også kome som par dersom det kjennes betre.

Nokre partnarar beskriv at ”alt dreier seg om valdtekta”. Kanskje har partneren eit stort behov for trøst, omsorg og å prate med partneren om det som har skjedd. I tilegg går kanskje jenta jamleg til samtaler fleire plassar. Ofte kan healingprosessen etter valdtekt vere ei lang og strevsam reise som kan ta tid. Jenta skal ha god tid til å bearbeide valdtekta, likevel er det viktig å hugse på at å fokusere på daglegliv som jobb, skule, vener og familieliv er sunt og nødvendig – ikkje la valdtekta bli hovedingrediens i parforhaldet og i livet!

  • Reaksjonar
  • Skyld, sinne, makteslause og “ulovlege tankar”
  • Manglande seksuell lyst
  • Kvar kan ein få hjelp?
  • Positive konsekvenser

Det er viktig å tenke at oppgåva di som partner fyrst og fremst er å være kjæreste, og at det ofte er nok at du er der, du treng ikkje ha svar på alle spørsmål..

— Ingrid Blessom

Kvar kan ein få hjelp?

Dersom dykk slit med parforhaldet, eller partneren slit med nærheit og seksualitet i etterkant av ei valdtekt, er det lurt å oppsøke hjelp. Når jenta får bearbeida opplevingar og tankar kan dette vere med å dempe problematikken, men ofte trengs det hjelp som er spesielt retta mot problem med parforhald, nærheit og seksualitet etter valdtekt. Denne hjelpa kan dykk få fleire plassar: DIXI ressurssenter for voldtatte tilbyr samtaler både for utsette, pårørande og partnerar. Ein kan kome som par eller åleine og dykk treng ikkje legehenvising. Tilbodet er heilt gratis, det er tausheitplikt, og ein kan kome tilbake fleire gonger. Det finst også familievernkontor, psykologar og andre terapeutar som har kompetanse på dette området. Institutt for klinisk sexologi og terapi i Oslo (IKST) har også lang erfaring i å veilede og hjelpe par som slit med sexlivet etter valdtekt.

Positive konsekvensar

Ei valdtekt treng ikkje berre ha negative konsekvensar for parforhaldet. Nokre opplever at forholdet til kjærasten vert tettare etter valdtekta. Ofte tør paret prate om ting dei ikkje tidlegare har prata om, noko som gjer at paret kjenner seg nærare kvarandre.

Av Ingrid Blessom
DIXI ressurssenter for voldtatte i Oslo – www.dixi.no

 

Litteratur:

Thomas Haansbæk, Center for Voldtægtsofre, , Rigshospitalet 2005

Voldtæktsofrets partner – hvordan går det med han.

Dyregrov, A. (2004). Katastrofepsykolog. Psykologisk Forlag, København

http://www.ung.no/overgrep/3070-Voldtekt-vanlige-reaksjoner.html

http://www.klara-klok.no/wips/440185332/caseId/1325548084/

- Kontakt oss gjerne!

Dixi Twitter Feed

Dixi Facebook Feed

DIXI Ressurssenter mot voldtekt

DIXI arbeider for å hjelpe voldtektsutsatte og deres pårørende, spre informasjon om senskader og skadefølger samt drive holdningskapende arbeid. DIXI tilbyr individuelle samtaler og samtalegrupper for voldtatte og pårørende. DIXI gir også telefonrådgivning på telefon 22 44 40 50. Hos oss får du gratis advokathjelp, temakvelder og foredrag, samt opplysning om hjelpeapparatet. Alt er gratis, vi har taushetsplikt og det trengs ikke legehenvisning.

Find Us On Facebook

Du kan følge DIXI på Facebook.

Dixi

Discover Me

Call Center

Dixi kan hjelpe deg.

Ring:

+47 22 44 40 50

Hjelp?